Bok: VEGAR I VEGLØYSA?


Skrevet av Bård Eirik Hallesby Norheim
Artikkelen ble først publisert i Luthersk Kirketidende 14/11.


Bokomsalg VEGAR I VEGLØYSA fra Tapirforlag

Boktittel: Vegar i Vegløysa?: Ungdom, identitet og livsynsdanning i det postmoderne (Kyrkjefag Profil nr. 14)
Forfattere: Jan Ove Ulstein og Per M. Aadnanes (red.)
Forlag: Trondheim: Tapir Akademisk Forlag, 2011.

Det var ein gong alle snakka om det postmoderne. Det var postmodernitet og postmodernisme frå frukost til kvelds både i akademia og i media. No er det nesten noko antikvarisk og utrendy i det å appellera til det postmoderne.

Antologien med den heller paradoksale, og kanskje intendert postmoderne, tittelen, Vegar i Vegløysa, er i så måte herleg motstraums, og gjer eit realt forsøk på å ”snakka opp” det postmoderne som analysegrep i høve til tematikken ungdom, identitet og livsynssdanning. Redaktørane av boka, to av nestorane ved teologimiljøet på Høgskulen i Volda, Jan Ove Ulstein og Per M. Aadnanes forsøker saman med 5 andre forfattarar (Birgitte Lerheim, Jan-Olav Henriksen, Kjartan Leer-Salvesen, Robert Kvalvaag og Torrey Seland) gjennom 8 artiklar å kasta lys over nokre særleg utfordringar som det postmoderne klima utset teologien for. Stikkord her er korleis det postmoderne som brot utfordrar teologien i høve til tema som erfaring, kontekst, konsumkultur, og ulike former for mediebruk og medieproduksjon. Den særskilte konteksten – i alle fall for brorparten av artiklane – er ungdom, ungdomskultur og kristent ungdomsarbeid som arena for livssynsdanning. Redaktørane av boka insisterer, kanskje i overkant defensivt, at ”dei innsiktene denne kulturdiagnosen representerte, ikkje har mista all aktualitet enno.”

Det særlege bidraget frå denne boka er korleis ho arbeider med å føra vidare ei samtale om det postmoderne gjennom å framheva hermeneutikken si avgjerande rolle for det teologiske arbeidet i ei slik ”brot.-tid” som det postmoderne representerer. Jan Ove Ulsteins fyldige og gode artikkel ”Å lese med livet” er eit bra døme på det. Men å framheva hermeneutikken er for så vidt ikkje noko nytt.. Det som gjer denne boka interessant er korleis dei ulike forfattarane utfaldar dette med nærlesing og tilhøyrande drøfting av temafelt som ikkje er ferdig utforska, særleg innan norsk teologiproduksjon.

Boka er elles heller ”postmoderne” i både utval og struktur, i den forstand at tilfanget av tema og artiklar er breitt og til tider litt sprikande. Det er ikkje slik at alle bidrag automatisk dreg i same retning. Difor er det litt vanskeleg å oppfatta boka som formidlar av eitt prosjekt – å utforska vegar i vegløysa – om det no er det som er prosjektet. Men som det ofte er i slike antologiar, ulike lesarar vil finne glede i ulike artiklar. Her kan ein boltra seg både i nærlesing og tolking av så ulike tema som U2 sitt tekstmusikalske univers (Kvalvaag), film som bidrag til livstolking (Leer-Salvesen) eller virtuelle nettverk som utfordring for kyrkjefellesskapet og teologien (Seland).

Jan Ove Ulstein har skrive to av artiklane til boka. For denne lesaren, som sjølv arbeider med teologiproduksjon knytt til kristent ungdomsarbeid, var det særleg gledeleg at Ulstein gjer eit skikkeleg arbeid med å gå teologiproduksjonen knytt til kristent ungdomsarbeid etter i saumane – både historisk og hermeneutisk. På same måte gjer Aadnanes det i høve til livstolkingsomgrepet i nyare norsk teologihistorie. Det er nyttig med slike nærhistoriske oppryddingsarbeid, og Ulstein har gjort eit skikkeleg arbeid. Kritisk vil eg likevel spørja om ikkje Ulsteins tidvis tenderer mot å overbelasta Bevans sine kontekstualiseringsmodellar som analysegrep for å plassera samtidig teologiproduksjon. Ein annan som nyttar seg av dei same modellane er Birgitte Lerheim. Ho går i nærkamp med kontekstualiseringsproblematikken knytt til to svært aktuelle reformar i Den norske kyrkja, trusopplæringsreformen og gudstenestereformen. Men i denne artikkelen tek bruken av desse modellane noko mindre plass.

Den mest profilerte artikkelen i samlinga er på mange måtar artikkelen til Jan-Olav Henriksen om begjær. Henriksen sitt teologiske program er presentert i breiare format på engelsk andre stader, men det er nyttig å få det kortfatta og pregnant utmeisla her – fokusert mot ungdom og kristent ungdomsarbeid som kontekst. Henriksen markerer i artikkelen brodd mot det han forstår som ein erfaringsfiendtleg teologi, ein teologi som ikkje er viljug til å nytenkja og nyformulera teologien i møte med nye kontekstar og eit nytt kulturklima. Særleg kritiserer Henriksen det ein kanskje litt sjablongmessig kunne omtala som tredjegenerasjonspietisme – utan at Henriksen sjølv nemner pietismen direkte. Det Henriksen markerer front mot er teologi som produserer kjensler som dinest skal overvinnast, t.d. der forkynning av synd skal leia til skuldkjensle og dimed skapa behov for tilgjeving (s.58). Av større interesse i artikkelen enn Henriksens negative utgangspunkt i (mis)bruk av lovens andre bruk er dei plassane der Henriksen formulerer sitt prosjekt positivt. Henriksen skildrar ein teologi om begjær som ein

teologi som tar på alvor at Gud har skapt mennesket med begjær og at dette begjæret er anerkjent av Gud som en del av menneskers interne relasjon til det gode. Men for at begjæret skal kunne formes og endres, må det rette seg mot den som kan forme og danne det: Gud som den gode. Det er i møtet mellom Gud og menneskets begjær at livet kan endres. (s. 65)

Her er det mykje spennande å drøfta vidare, også for teologiproduksjonen knytt til kristent ungdomsarbeid.

Som eit mogeleg tilsvar til Henriksens utfordringar, endar Per M. Aadnanes sin artikkel med ei oppmoding om eit teologisk oppryddingsarbeid sidan det postmoderne klima saman med den rådande populærkulturen, i følgje Aadnanes, har avdekkja at den kristne livssynstradisjonen ikkje lengre kan fungera som livssynsmessig allfarveg. For, som Aadnanes understrekar, dersom ein ventar for lenge med slike oppryddingar er det ikkje berre den pietistiske utgåva av kristelege livssyn som blir liggjande att overgrodd og ”utgått på dato.”

For denne lesaren er det gledeleg med alle bidrag som kan vera med å hjelpa den norske teologiske samtalen ut av sitt post-pietiske stress-syndrom. Vegar i Vegløysa er kanskje eit bidrag til dette, men eg er ikkje heilt sikker.

 

Relaterte artikler

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *