Skrevet av Bård Eirik Hallesby Norheim, stipendiat ved Det teologiske menighetsfakultet
Konfirmantar i dag klagar ikkje over at konfirmasjonstida er kjedeleg, men legg bileta og videoen frå kveldsbønna på konfirmantleir ut på Facebook for å dela denne eksotiske erfaringa med vennane sine.
Etter kvart som heim og skule som stadar for trusformidling og trusopplæring har vorte svekka, er kyrkja si rolle vorte mykje viktigare og meir avgjerande enn før. Mange ungdommar gjer sine første erfaringar med eit fellesskap som praktiserer tru nettopp i konfirmasjonstida.
Den same oppdaginga er bakgrunnen for eit nytt paradigme for kristent ungdomsarbeid som har vakse fram både i USA og i England. Kristent ungdomsarbeid i eit etterkristent samfunn skal ikkje vera ein fritidsaktivitet som byr på pizza og vern mot verdas farar eller forsøker å overgå anna ungdomsarbeid med kulare tilbod. Kristent ungdomsarbeid skal gi autentiske møte med ein kristen livsstil. Ein livsstil som er levande nok og fleksibel nok til å vara og modnast livet ut, slik at ein gir rom for ei mobil tru. Skal kristen tru gi meining, må ein utleggja og leva det praktisk som liv. Back to basics er stikkordet. Krossteikning, lovsong, nattverd, skriftemål, omsorg for nesten og bibellesing er ikkje lenger kjedeleg, men eksotisk. Sjølvsagt kan det verta kjedeleg, men det treng ikkje vera det for ein eksperimentell ungdomsgenerasjon som ropar smak – sjå – kjenn.
Og ikkje minst: I ein tydeleg fleirreligiøs kontekst er det mange konfirmantar som møter kyrkja og konfirmasjonstida med spørsmålet: Kva gjer eigentleg dei kristne? Korleis praktiserer dei trua si? Muslimane har ramadan og jødane har sabbaten, men kva gjer dei kristne?
Ja, kva gjer eigentleg vi kristne?
Det finnast ein viss reservasjon, eller blygskap, for å snakka om tru og praksis i same andedrag for norske lutheranar. For å koma til rette med denne blygskapen, som den oppvaksande ungdomsgenerasjonen skjønar lite av, meiner eg det er to understrekingar som er særleg viktige. Eg vil her bruka mest tid på den siste.
1) Kyrkja er (alltid) i ein misjonssituasjon
Kyrkja kan ikkje lena seg mot at vi lever i eit kristent land. Som kyrkje må vi gjenoppdaga at vi er sendt til folket og til den tida vi lever i. Vi deltek i Guds misjon i verda. Kyrkja er alltid sendt. Ho er misjonal.
2) Dåpen må tolkast som liv, og ikkje livsforsikring
Martin Luther skriv i innleiinga til dåpen i Den store katekisma (1529):
Derfor skulle alle holde dåpen for å være en kledning som han går med hver dag. Han skulle alltid ha den på seg, så han kan leve i troen og dens frukter, dempe det gamle menneske og vokse i det nye menneske. For hvis vi vil være kristne, så må vi praktisere den gjerning som har gjort oss til kristne.
Kva vil det seia å praktisera ”den gjerning som har gjort oss til kristne”?
Å praktisera dåpen handlar først og fremst om å ta noko for gitt: livet i Kristus som
vert gitt i dåpen. Dette livet vert gitt oss gratis. Det gjer oss til mottakarar, til
truande. Trua er ei gåve, ei gåve som kan brukast og praktiserast. Denne gåva
opnar augo våre slik at vi kan ta verda for gitt, som Guds verd. Når vi praktiserer tru, vert heile livet ei omvending tilbake til Gud og til Guds skaparverk. Vi vert sett fri til å ta i mot Gud og Guds verd som ei gåve. Difor vil eg altså hevda at det å praktisera tru handlar om å leva ut den gåva – praktisera – den gåva som vert gitt i dåpen. Dåpen er ikkje først og fremst ei livsforsikring som ein legg i ei skuff, men eit liv som ein er gitt å leva.
Korleis gjer ein dette?
Martin Luther hevdar i tredje del av skriftet Om konsiliar og kyrkja frå 1539 at kyrkja har sju (ytre) kjenneteikn:
1. Guds Ord
2. Dåpen
3. Nattverden
4. Nøklemakta (tilgjeving)
5. Teneste (embete)
6. Bønn
7. Etterfølging
Den tyske katolske teologen Reinhard Hütter omtalar desse praksisane som kyrkjas kjernepraksisar, som både karakteriserer og konstituerer kyrkja. Det er i nærkontakt med desse praksisane kyrkja og trua modnast og veks. Men ifølgje Hütter er det berre meiningsfullt å forstå desse kjenneteikna som praksisar om ein forstår Den Heilage Ande som det verkelege subjektet i desse praksisane. Menneska som deltek i desse praksisane er sjølvsagt også i høgste grad aktive – ved t.d. å lytta, kjenna, respondera, tilbe – men det er ikkje den menneskelege aktiviteten som konstituerer praksisane. Det deltakande mennesket er passiv mottakar av det praksisane har å gje: nemleg ei stadig nyskaping og heilaggjering av mennesket. Starten på denne nyskapinga er tru, ei tru som også vert gitt av Den Heilage Ande.
Eg meiner at denne innsikta er avgjerande for kristent ungdomsarbeid i Noreg i dag: Nokre praksisar er faktisk viktigare enn andre, dersom ein ønskjer å leggja til rette for at unge – og gamle – skal få høve til å finna eit svar på spørsmålet: Kva gjer eigentleg dei kristne? Nokre praksisar er avgjerande for at unge menneske skal få høve til å modnast i trua som vert gitt i dåpen.
Dersom ein meiner at kyrkjas konfirmantarbeid og ungdomsarbeid skal vera forma av ein ”disippelpedagogikk”, som det heiter i konfirmantplanen for Den norske kyrkja (1998), er nettopp modningsperspektivet avgjerande: Ein læresvein går i lære. Ho eller han modnast gjennom øving. Som Kristi læresveinar modnast vi gjennom å øva oss i å ta imot nåden og gjennom å leva i fellesskapet som feirar at ein er død for alle.
Kva er så dei praktiske konsekvensane av dette? Skal kristent ungdomsarbeid organiserast i kjernepraksisklubbar? Kanskje ikkje. Men ei slik tilnærming til konfirmasjonstida og kristent ungdomsarbeid vil understreka (minst) to ting:
1) At møtet med eit praktiserande trusfellesskap i kyrkja gjennom konfirmasjonstida har som mål å vera meir enn ei pittoresk tivolierfaring som ein ser tilbake på med sentimentale sukk.
2) At kyrkjeleg ungdomsarbeid definerast utifrå si kjerne og ikkje utifrå sine yttergrenser.
Kjernepraksisane er nettopp kjernepraksisar for kyrkja og den truande fordi dei gir meining og retning til andre praksisar – til resten av livet. Ved å delta i kyrkjas kjernepraksisar sendast vi ut til å praktisera eit vidt spekter av (kristne) praksisar i kraft av det vi får del i gjennom kyrkjas kjernepraksisar. Dette handlar ikkje om ein måte å driva kristent ungdomsarbeid på, men det handlar om at det er avgjerande å gje rom for og fostra ei tru som kan flytta med til nye kontekstar. Det handlar om at trua er fysisk, at trua involverer heile meg – kropp, sjel og lekam.
Kyrkjas kjernepraksisar er fleksible og solide på same tid. Dei toler å bli flytta utan å missa krafta si, fordi dei toler å bli gjentatt. Dei toler å bli flytta med til andre delar av nettverka våre, og dei er slitesterke og toler å bli flytta med til nye livsfasar. Men for at dette skal fungera, trur eg det er avgjerande at ein i kristent ungdomsarbeid gir hjelp til refleksjon omkring korleis ein tek med seg praksisar mellom ulike kontekstar – mellom heim, kyrkje, skule, vennegjeng og på reiser. Kristent ungdomsarbeid treng gode vegleiarar som ikkje berre inviterer til å praktisera tru, men som også er med å reflektera over korleis det eksotiske livet ein møter i kyrkja heng saman med resten av livet.
Om denne teologien for kristent ungdomsarbeid har brodd mot noko, så er det mot vitnesbyrd av typen: ”Det er mange som har fordommar om kristne, at vi ber heile tida, at vi er annleis…men det er ikkje sant, vi er heilt vanlege, vi” Underforstått: Å leva som kristen er ikkje farleg. Noko sant er det i dette. Kristne er heilt vanlege menneske, som er kalla til å leva vanlege liv. Gå på skule, jobb, eta, drikka og stifta familie. Men samstundes så bommar ei slik tilnærming heilt. For vi som er døypte, er døypte til Kristus. Vi er merka for livet, livet i Kristus. Difor er det heilt vanleg å be, visa gjestfridom, gå til nattverd, lesa i Bibelen, dela tru, søkja forsoning, kjempa for fred og mot urettferd.
Det handlar om at det å praktisera tru gjennomsyrer alt ein er og gjer. Fordi trua ser. Og dette synet vert trena ved å delta i kjernepraksisane; slik at ein kan ta i mot og handla i Guds verd, og sjå med Guds augo.
Nettopp i dette vanlege tener vi Kristus og nesten. I skriftet Om den kristne frihet frå 1520 skriv Luther:
Derfor vil jeg gi meg som en Kristus til min neste, likesom Kristus bød seg fram for meg, og ikkje gjøre noe annet her i livet enn det jeg måtte se er nødvendig, fordelaktig og velgjørende for min neste, ettersom jeg ved troen har så rikelig nok av alt godt i Kristus. […] Altså, liksom vår neste lider nød og har bruk for vår overflod, slik har også vi lidd nød overfor Gud og trengt hans miskunn. Liksom vår himmelske Far har hjulpet oss vederlagsfritt i Kristus, plikter også vi på samme måte å hjelpe vår neste vederlagsfritt med kroppen og dens gjerninger. Hver enkelt skal bli en Kristus for den andre, så vi innbyrdes kan bli Kristuser og Kristus den samme i alle, det vil si: sanne kristne.
For Luther er ikkje etterfølging av Kristus, praktisering av tru, eit valfag for spesielt interesserte. Det er sjølve livet. Det er det livet som gir oss identitet. Det er sjølve fridomen. Vi er laga for å kvila i Kristus og det Kristus har å gi. Vi er kalla til å kvila i konkrete praksisar der Kristus har lova å vera nær oss. Dette handlar ikkje om å gjera seg fortent til nåden, men om å leva i nåden, i Kristus, og å dela Kristus med verda. Dette livet i Kristus leier den truande til nesten hennar.
Når vi deltek i kjernepraksisane, handlar Kristus i oss. Vi vert forma til å likna Kristus. Kjernepraksisane gjer oss til mottakarar av det Gud har å gi. Dei vender oss bort frå å sikra oss sjølv. Vi vert vende mot Gud, og Gud vender oss mot verda. Kjernepraksisane er stadene vi får del i Guds nåde. Guds nåde er konkret og kroppsleg, slik praksisane er konkrete og kroppslege. Dei sender oss alltid back to basics. Det er i dette underet ein teologi for kristent ungdomsarbeid må finna festet sitt.
Tilbakelinking Preike 5. søndag i påsketida 2015 | Catholicus Norvegicus